lørdag 6. februar 2010

En nylig gjenfunnet abstrakt stil! :)


Han 

Han er heilt spesiell. Han er din no, det var han ikkje før. Men no er han det. Han er veldig fin, så rund og så velskapt. Eg likar han godt. Eg veit at du og likar han. Han er trass alt din. Eg veit ikkje om dei som hadde han før deg likte han, dei sendte han jo bort. Men ikkje utan vidare, så noko verdi må han ha hatt.

Kanskje ville han vekk sjølv? Det er det inga som veit. Men treng ein å vita det? Veit ikkje. Det kjem jo an på om det har mykje å seie eller ikkje, å vita det altså. Men det viktigaste er kanskje at han trivast?

Eg trur han likar seg. Han passar veldig godt. Eg trur ikkje noko anna par ville tatt seg så bra ut som dykk to saman. Han passar så godt med deg. Han ser bra ut sjølv også. Begge to klarar seg flott aleine. Men saman blir det liksom noko litt ekstra.

Likevel let du han bli att. Mange gangar ligg han der, heilt aleine. Men han godtek det. Fleire timar, til og med dagar, kanskje ukar, ligg han der, einslig. Han ligg der, men øygnar håp når du kjem inn til han. Han skin litt ekstra, i eit forsøk på å få din oppmerksemd. Av og til lykkast det han, og dykk blir eit par igjen, andre gangar let du han bli igjen, utan eingong å sjå på han.

Det er fleire grunnar til at du ikkje tek han med deg. Du synast ikkje at dykk passar saman akkurat den dagen, du blir flau over han viss andre ser dykk saman. Du gløymar rett og slett at han er der, eller du har gått lei han og vil prøva noko anna.

Om han veit det, veit ikkje eg. Det betyr nok ikkje så mykje for han, men det betyr mykje for meg. Det betyr nok ein del for deg og. Ein del leggjar ikkje merke til det, andre bryr seg heller ikkje om det. Nokon meinar kanskje til og med at dykkar ikkje passar saman i det heila tatt. Men då tar dei feil. Nokon delar same syn som meg, og kanskje deg. At dykkar passar saman.

Det betyr ein god del for meg. Han betyr ein god del for meg. Eg ville fint greie meg utan han, det ville du og. Men no som eg har sett han og dykk to saman, så blir det rart utan. Dykk er et par, han og du, saman.

Hvem klarer å gjette hva som inspirerte denne abstrakte stilen fra videregående? Kom igjen! Bare å gjette!! :D (Stilen ble aldri rettet for skrivefeil, så dersom du kan nynorsk godt.. Ha medlidenhet med meg :D)

Ingen kommentarer: